
Opplev Hjørundfjord frå sjarmerande Sæbø, i leilegheiter som byr på formidabel utsikt mot fjorden og dei spektakulære Sunnmørsalpane.
Frå leilegheitene er det kort veg til mektige naturopplevingar både sommar og vinter.
Her kan du bu
Hos Hjørundfjord Brygge kan du velje mellom to leilegheiter og ei studioleilegheit. Alle leilegheitene ligg i Sæbø sentrum i første rekke mot fjorden, med utsikt mot kjente fjell som Slogen, Saksa og Stålberghornet.
-
Soveplass til seks personar.
-
Romsleg stove og kjøkken.
-
Stor terrasse mot fjorden med grillmoglegheiter.
-
Oppvaskmaskin.
-
Stort bad med toalett og dusj.
-
Universelt utforma.
-
Felles vaskemaskin i same bygg.
Les meir om Maritbu
-
Soveplass til fire personar.
-
Romsleg stove og kjøkken.
-
Stor terrasse mot fjorden med grillmoglegheiter.
-
Oppvaskmaskin.
-
Stort bad med toalett og dusj.
-
Felles vaskemaskin i same bygg.
Les meir om Bentebu
-
Soveplass til to personar (to enkle senger).
-
Kjøkkenkrok, spisekrok og soveplassar i same rom.
-
Bad med toalett og dusj.
-
Terrasse på bakkeplan mot fjorden med kulegrill.
-
Felles vaskemaskin i same bygg.
Send oss ein e-post om kva leilegheit(er) du ynsker å booke og kva datoer du tenker.
Nærområdet
Sæbø og Hjørundfjord Brygge ligg midt i hjartet av Hjørundfjord og er eit perfekt utgangspunkt for fot-, klatre- og skiturar i Sunnmørsalpane. I tillegg er det to fjordsaunaer like utanfor og gode fiskemoglegheiter, både i fjord og elv.

Om oss
Hjørundfjord Brygge er familiedreve og har eksistert i rundt 15 år. Det er eit populært overnattingstilbod for nasjonale og internasjonale gjestar som ynsker å besøke Hjørundfjorden.















