
Nærområdet på og rundt Sæbø
Sæbø er Hjørundfjorden si største bygd og eit populært utgangspunkt for toppturar, laksefiske i Bondalselva og fiske- og båtturar på fjorden.
Hjørundfjord Brygge ligg midt i Sæbø sentrum, cirka 25 minutter med bil frå Ørsta, Volda og Hovden flyplass.
Nokon populære toppturar i nærheita av Sæbø
-
Gunnar-råsa (370 moh.).
-
Olavshola (kring 400 moh.).
-
Saksa (1 073 moh.).
-
Slogen (1 564 moh.).
-
Urkeegga (1 021 moh.).
-
Trandalhatten (1 140 moh.).
-
Dalegubben (1 344 moh.).
-
Jakta (1 588 moh.).
Transport på sjøen
-
Frå Sæbø går det ferje til Leknes. Det finst også ei ferje som går Sæbø-Leknes-Skår-Trandal-Standal.
-
Hos Hjørundfjord Skyssbåt kan du bestille skyss om du ynsker fjordcruise eller å kome deg til og frå stader i fjorden uavhengig av ferja.
Andre moglegheiter på Sæbø
-
Av oss kan du leige Øien-båt for å kome deg ut på fjorden.
-
Sæbø Fjordsauna har to flytande saunaer, stupetårn, SUP og robåtar. På Urke finn du også Urke Fjordsauna.
-
Det finst to Joker-butikker i sentrum. Fiskekort for fisking i Bondalselva kan kjøpast der.
-
Om sommaren kan du kjøpe mat i kiosken på Hjørundfjord Camping.
-
På Sagafjord Hotel kan du få deg eit godt måltid og forfriskningar.
-
Flott uteområde på Kapteinkvia. Her finst stor plen, sitteplassar, oppmurt grill, volleyballbane og eit grindbygg med sitteplassar under tak.
-
Badestrand med flytebrygge.
-
Koselege butikkar som er opne om sommaren.
-
Stor sandkasse med leiker for born samt ei stor reie med utsikt mot fjorden og fjella.
-
Det er mange moglegheiter for sykkel- og gåturar på flat mark om du ikkje ynsker å gå på dei høgaste toppene.
-
Ørsta Skisenter, med skitrekk og preparerte langrennsløyper, ligg ein ti minutters køyretur frå Sæbø.
-
Sæbø er eit flott utgangspunkt for turar til Skår, Trandal, Urke og Øye.
Bilete frå Sæbø og Hjørundfjorden
























